Elektro – Info om Elektro leveransen i Teamtek

Teamtek ynskjer å vere sterkt til stades i kunden sitt nærområde, difor har vi  organisert elektrodelen i gruppa med lokale firma som har hatt positiv utvikling og er sterkt forankra i sine lokalmarknad.

Fylgjande elektrofirma er medlemmar av Teamtek:

  • Eid Elektro AS vart etablert i 1981 og har i dag over 67 tilsette med ei omsetnad på 90 millionar. Selskapet har eigen tavleverkstad i tillegg til elektro.
  • Førde Elektro og Rør AS. Vart starta i 1998 og har i dag 20 tilsette med ei omsetnad på 22 millionar. Selskapet som leverer både elektro- og røyrleggartenester.
  • HAFS Elektro og Rør AS vart etablert i 1979 og har i dag 40 tilsette og ein omsetnad på 50 millionar. Selskapet leverer både elektro- og røyrleggartenester.

Målsettinga er ein gjennom Teamtek skal vere ein lokal marknadsleiande elektroentreprenør, med høg kompetanse og servicegrad.

Våre elektrofirma i Teamtek har dei seinare åra satsa sterkt på større prosjekt og fått fleire store og omfattande byggeprosjekt i vår region. Fleire av desse har ein utført saman med Teamtek-grupperinga som har blitt ein av dei ledande aktørane innanfor tekniske entrepriser i vårt område.

Eid Elektro AS

Øyane 12
6770 Nordfjordeid
Tlf. 57 86 47 60

www.eidelektro.no

Førde Elektro og Rør AS

Firdavegen 16
PB. 333
6802 Førde
Tlf. 57 72 39 90

www.fordeelektro.no

HAFS Elektro og Rør AS

Sognefjordvegen 444
5961 Brekke
Tlf. 57 78 89 00

www.hafs-elektro.no