Teamtek er eit samarbeid mellom GK Inneklima AS, Skår VVS AS, og elektrofirmane Eid Elektro AS, HAFS Elektro & Rør AS og Førde Elektro & Rør AS. Grupperinga vart formelt etablert i 2006. Gjennom Teamtek kan vi tilby eit unikt samarbeid av elektromontørar, ventilasjonsmontørar, røyrleggjarar, serviceteknikarar, prosjektleiarar, automasjonsingeniørar og prosjekterarar – og best av alt: Administrasjon av alle desse tenestene.
Teamtek består av over 150 dyktige fagfolk med eksepertise innan elektro, energi, vvs, ventilasjon, kulde og byggautomasjon.
Samarbeidet er unikt i fylket og truleg også i landet. I Teamtek kjenner vi kvarandre svært godt og har gjennom åra utvikla gode arbeidsmodellar frå tilbudsfase til overleveringsfase. Vårt hovudfokus er å levere tekniske anlegg som vi er stolte av – at vi med stolthet kan sei at vi var med og bygde nettopp ditt bygg.
Vår strategi er at du som kunde skal ha ein ansvarlig å forholda seg til for alle tekniske fag. Vi skal ta oss av all administrasjon av den tekniske leveransen i bygget – eit komplett teknisk anlegg innan våre fagområde.
For deg betyr Teamtek følgjande:
- Eit klart ansvarstilhøve
- Enklare administrasjon
- Problemfri gjennomføring
- Redusert risiko for overskridingar
80 % av bygga som er i drift i dag, skal også driftas i 2050. Dette betyr at ein må ha fokus på val av tekniske løysingar som sikrar riktige driftskostnader for nettopp ditt bygg. Vi i TeamTek er opptatt nettopp av dette – å vere ein rådgivande entreprenør som leverar gode framtidsretta løsyingar som sikrar riktige driftskostnader ift. byggets definerte energiklasse.
Teamtek tilbyr trygg og god prosjektgjennomføring med rette funksjonar, rett pris og oppdrag utført til rett tid.
Teamtek som driftspartnar.
Vi er ikkje berre med å bygger ditt bygg, vi er også med som din rådgivande driftspartnar. I byggets si levetid kan vi ta oss av all service av dei tekniske installasjonane, gjennom totalteknisk service. Låge energikostnader krev konstant energifokus og optimal drift av tekniske anlegg. Ved å bruke Teamtek som din rådgivande driftspartnar så sikrar du trygt og dokumentert vedlikehald, optimalisering og utvikling av alle tekniske installasjonar i ditt bygg.
Styringsgruppa
I Teamtek har vi ei styringsgruppe som har ansvar for den strategiske utviklinga til grupperinga, marknadsaktivitetar og oppfølging av pågåande prosjekt. Stryringsgruppa har møter med jamne mellomrom og bidrar til eit sterkt samarbeid mellom medlemmane i gruppa.

Knut Arild Flatjord
Distriktssjef i GK Nordvest. Er utdanna MBA ifrå Heriot-Watt University i Edinburg Skottland, samt Ingeniør i automasjon ifrå Høgskulen på Vestlandet. Knut Arild er i tillegg koordinator for anbods- og prosjekteringsgruppa

Ove Kjøllesdal
Dagleg leiar og deleigar i Eid Elektro AS. Utdanna fagskuletekniker Elkraft med meisterbrev

Tom Stian Sønnervik
Dagleg leiar og deleigar i Førde Elektro og Rør AS. Utdanna fagskuleingeniør og Installatør. 23 års erfaring i faget, 13 år av desse i Førde Elektro og Rør.
Er også medlem i anbod- og prosjektutviklingsgruppa.

Kjell Hovland
Prosjektleiar i Skår VVS AS. Utdanna fagskuleingeniør innan VVS og fagbrev som røyrleggjar
Anbod- og prosjektutviklingsgruppe
Anbod- og prosjkteringsgruppa sitt ansvar er å gjennomføre synfaringar, kalkulasjon og prosjektutvikle prosjekt både innan nybygg og den eksisterande bygg marknaden.

Bjørn Kåre Rotnes
Avdelingsleiar GK Byggautomasjon Sfj. Utdanna Ingeniør i automasjon frå HISF. 18 års erfaring innan faget, 10 år av disse i GK.

Johann Gjøringbø
Avdelingsleiar GK Entreprise Førde. Utdanna ingeniør konstruksjonsteknikk 27 år erfaring innan faget i GK

Åge Ruud
Avdelingsleiar GK Sogndal. Utdanna fagskuleingeniør frå KEM-linja ved fagskulen Gjøvik og fagbrev som blekkslagar. 20 års erfaring innan faget, 4 år av desse i GK.

Arild Skår
Salsansvarleg og prosjektutviklar i Skår VVS AS. Utdanna industrirøyrleggjar med fagbrev og ein rekke tilleggskurs innan varme, sanitær og sprinkel. 26 års erfaring innan faget, 18 år av desse i Skår VVS AS.

Asle Ronny Henden
Avdelingsleiar prosjektavdeling Eid Elektro AS. Utdanna Elkraftingeniør og har fagbrev som elektrikar. 15 års erfaring innan faget, 14 av desse i Eid Elektro AS

Nils Arne Haukeland
Utdanna maskinteknikar frå fagskulen og ingeniør innan maskin produksjonsteknikk, samt fagbrev som platearbeidar. Nils Arne har høy kompetanse innan ENØK og er gruppa sin ressurs innan energi og LCC

Øystein Haugland
Avdelingsleiar elektro i Førde Elektro og Rør. Utdanna fagskuleingeniør og har fagbrev som elektrikar. 13 års erfaring i faget, alle i Førde Elektro og Rør.